våryr, vakker og variert kulturfestival i Surnadal 5. til 8. juni 2014

close

Vårsøgmotivet 2014

13. april 2014

Jan Eggum

Kleivakveld 6. juni kl 19.30 på Kleiva Jan Eggum, Catriona Macdonald, Henning Sommerro, John Pål Inderberg med fleire står forRead more →

13. april 2014

Eldbjørg Raknes

«Hva kommer nå…?» 7. juni kl 12.00 i Svorkasalen i Surnadal Kulturhus Barne-/familieforestilling av Eldbjørg Raknes med Frode Eggen, TorRead more →

13. april 2014

Vårsøgpasset 2014

Vårsøgpasset 2014 kan kjøpast på www.billettluka.no, og Surnadal Kulturhus for knallprisen kr 990,-. Det er eit begrensa antal pass, såRead more →

13. april 2014

Bjørn Sundquist

Konsert i Stangvik kyrkje 8. juni kl 14.00 i Stangvik kyrkje Bjørn Sundquist les til tonefølgje av Catriona Macdonald, TrineRead more →

13. april 2014

Torstein Flakne

Gitarverkstad 5. juni kl 10.00 i Surnadal Kulturhus I samarbeid med Kulturskulen på indre Nordmøre blir det arrangert gitarverkstad medRead more →

Status on 13. april 2014

Vårvinden susar

Våren er komen,sola ho skin,fuglane har ein song så fin.Flua ho surrar, katta mi "purrar".Fossen han brusarog vårvinden susar....#
13. april 2014

Jørn Simen Øverli

Har Alf Prøysen noko å seie folk i dag? 7. juni kl 15.30 i Surnadal folkebibliotek på Surnadal Kulturhus SamtaleRead more →

12. april 2014

Henning Sommerro

Henningtimen 5. juni kl 12.00 i Svorkasalen, Surnadal Kulturhus Ein time med annsleis musikkhistorie med Henning Sommerro, for skuleborn. KleivakveldRead more →

12. april 2014

Sigrid Vetleseter Bøe

Sigrid 8. juni kl 16.30 i Surna bedehus på Surnadalsøra Sigrid Vetleseter Bøe framførar sin eksamenskonsert, akkompagnert av Trygve BrøskeRead more →

12. april 2014

Revytevling

Gapskrattkveld 5. juni kl 21.00 i Vårsøgteltet, utafor Surnadal Kulturhus Lokale revylag tevlar om den det største latterbrølet frå publikum.Read more →

12. april 2014

Per Husby

Eldre hjelper eldre 6. juni kl 11.00 i Svorkasalen, Surnadal Kulturhus Per Husby held programmet Vår felles fortid for EldreRead more →

12. april 2014

Cholo Tangotrio

Asado y Tango 8. juni kl 19.30 i Horisonten restaurant på Thon Hotel Vårsøg. Ein hyllest til argentisk kultur medRead more →

12. april 2014

Sigrun Slapgard

Boksøg 7. juni kl 14.00 i Surnadal Folkebibliotek i Surnadal Kulturhus Sigrun Slapgard samtalar om den nye boka si EnglestienRead more →

12. april 2014

Mikael Forselius

Drivadebatt: Framtidas mat 6. juni kl 14.00 i Svorkasalen, Surnadal Kulturhus Innleiing frå Mikael Forselius. Kunstnarisk innslag frå Øystein SandbuktRead more →

12. april 2014

John Pål Inderberg

Kleivakveld 6. juni kl 19.30 på Kleiva Jan Eggum, Catriona Macdonald, Henning Sommerro, John Pål Inderberg med fleire står forRead more →

12. april 2014

Catriona Macdonald

Kleivakveld 6. juni kl 19.30 på Kleiva Jan Eggum, Catriona Macdonald, Henning Sommerro, John Pål Inderberg med fleire står forRead more →

12. april 2014

Eistein Bæverfjord

Hesjarfilmen 5. juni kl 12.00 i Svorkasalen, Surnadal Kulturhus Eistein Bæverfjord syner fram Hesjarfilmen. Milonga 8. juni kl 22.00 iRead more →

12. april 2014

Daniel Amaro

Asado y Tango 8. juni kl 20.00 (dørene opnar 20.00) i Horisonten restaurant på Vårsøg Hotell Ein hyllest til argentiskRead more →

12. april 2014

Øystein Sandbukt og Peter Puma Hedlund

Drivadebatt: Framtidas mat 6. juni kl 14.00 i Svorkasalen, Surnadal Kulturhus Innleiing frå Mikael Forselius. Kunstnarisk innslag frå Øystein SandbuktRead more →

12. april 2014

Gabriel Fliflet

Valseria – eit valseverk 7. juni kl 21.00 på Åsen Bygdemuseum Ein hyllest til 3-takta av Gabriel Fliflet med fleire.Read more →

12. april 2014

Legenden om Kaptein Dante

Legenden om Kaptein Dante 8. juni kl 18.00 på Nordmøre Folkehøgskule Ein musikal skrevet og regissert av Thomas Gunnari RøttingRead more →

12. april 2014

Annelene Haftorn

Opning av Vårsøghelga og kunstutstilling 5. juni kl 18.00 i Foajeen og Finstuå i Surnadal Kulturhus Den offisielle opninga avRead more →

12. april 2014

Bass og Bannskap

Gapskrattkveld 5. juni kl 21.00 i Vårsøgteltet, utafor Surnadal Kulturhus Lokale revylag tevlar om den det største latterbrølet frå publikum.Read more →

12. april 2014

Kristiansund Storband

Pubkveld 6. juni kl 22.00 i Vårsøgteltet utafor Surnadal Kulturhus Kristiansund Storband, John Pål Inderberg med fleire. Medvirkende: Elisabeth GjørsvikRead more →

12. april 2014

Ekteparet Husby

Gapskrattkveld 5. juni kl 21.00 i Vårsøgteltet, utafor Surnadal Kulturhus Lokale revylag tevlar om den det største latterbrølet frå publikum.Read more →

12. april 2014

Line Kristiansen Cancino

Asado y Tango 8. juni kl 20.00 (dørene opnar 20.00) i Horisonten restaurant på Vårsøg Hotell Ein hyllest til argentiskRead more →

11. april 2014

Vårsøglauget og samarbeidspartnerar

Det er mange som er med og gjer Vårsøghelga muleg. Vårsøglauget:                         Read more →

close

Vårsøgmotivet 2014

birds on a wire

Årets vårsøgmotiv, Birds on a wire, av Annelene Haftorn

close

Jan Eggum

Jan Eggum
Kleivakveld
6. juni kl 19.30 på Kleiva
Jan Eggum, Catriona Macdonald, Henning Sommerro, John Pål Inderberg med fleire står for det musikalske denne kvelden, kvar vi òg få vårsøgdikt av skuleborn og utdeling av Kleivaprisen.

Jan Eggum (fødd 8. desember 1951 i Bergen) er ein norsk visesongar og artist som har vore aktiv sidan 1975. Han blir ofte karakterisert som eit «ansikt for melankolien», og temaene i songane hans er ofte kjærleiksssorg, einsamheit og tungsinn. Men han viser òg samfunnskritiske og meir trivielle og morosame sider av seg sjølv i sine songar.

Han byrja som pubsongar i London, og livnæra seg i to år på å skrive engelske songar. Mellom anna var ein av hans mest kjente songar – «En natt forbi» – opprinneleg skreve på engelsk, med tittelen «Alone, Awake». Tor Endresen har seinere spelt inn denne songen i engelsk språkdrakt.

Eggum fikk i 1975 platekontrakt med den norske avdelinga av det internasjonale plateselskapet CBS, og spelte der inn si debutplate Jan Eggum hausten same år. Men gjennombrotet hans kom først for fullt etter hans tredje utgivelse, albumet Heksedans frå 1977. For dette fikk han «Bransjeprisen» som opphavsmann under Spellemannprisen 1977. På albumet finn vi blant anna klassikaren «Mor, jeg vil tilbake».

Etter dette har Eggum vore ein av Norges mest kjente artistar, både som soloartist og i annare samanhengar. Mellom anna som medlem av Gitarkameratene. Fleire av hans album har solgt til gull og han har vunne ei rekke prisar og utmerkelsar, mellom annet seks Spellemannprisar, både som soloartist og saman med Gitarkameratene. Mellom annet vart han tildelt hedersprisen under Spellemannprisen 2011. Eggum vart i 2012 innlemma i Rockheim Hall of Fame.

Nettsida til Jan Eggum

close

Eldbjørg Raknes

Eldbjørg Raknes
«Hva kommer nå…?»
7. juni kl 12.00 i Svorkasalen i Surnadal Kulturhus
Barne-/familieforestilling av Eldbjørg Raknes med Frode Eggen, Tor Breivik og gjest for anledninga John Pål Inderberg.

Eldbjørg Raknes (fødd 9. februar 1970 i Midsund) er ein norsk jazzvokalist, kjent for sitt arbeid med a cappella, innovativ stemmebruk og elektroniske effektar – og sine konsept for barn.

Ho er utdanna frå musikklinja på Atlanten videregående skole i Kristiansund (1986–89), teaterlinja på Romerike Folkehøgskole (1990) og Jazzlinja ved NTNU (1991–94) med spesialisering i song, pedagogikk, arrangement og komposisjon, og er no engasjert som lærar på Jazzlinja (NTNU). Ho har turnert med Rikskonsertene og delteke ved fleire internasjonale jazzfestivalar, blant annet som medlem av gruppene Bodega Band, TINGeLING, Søyr (1994–96), ESE, Kvitretten og Trondheim Voices, samt i duo med Anders Jormin (2004–). Ho mottok Kardemommestipendiet i 2000. I 2011 vart ho tildelt Radka Toneff Minnepris, samt Buddy-prisen og i 2012 Gammleng-prisen i klassen jazz.

Frode Eggen (frå Melhus) har sin bakgrunn i ulike former for improteater og er regjerande Norgesmeister i teatersport!
HVA KOMMER NÅ…? er ein fleirkunstnerisk impropakke! For barn og vaksne i alle aldrar. Publikum er med og påvirke kva som skjer der og da, og konsertforestillinga blir ein totalopplevelse med historier, Eldbjørgs barnesongar, andres songar(?), lydbilete, m.m. Eldbjørg og improskodespelar Frode Eggen er kjernen. I Surnadal kjem John Pål Inderberg og er med dei!

Hva kommer nå…? debuterte hausten 2010 som døråpnerturné på jazzklubbar for Norsk jazzforum med mål om å auke interessa for prosjekt for barn. Dei har sidan då spelt for 1000vis av barn på ulike scener i Norge, hatt ei mengde utruleg fine opplevingar -og mottatt fantastiske kritikkar!

Facebook-sida til Hva kommer nå…?

www.eldbjorgraknes.com

close

Vårsøgpasset 2014

Vårsøgpasset

Vårsøgpasset 2014 kan kjøpast på www.billettluka.no, og Surnadal Kulturhus for knallprisen kr 990,-. Det er eit begrensa antal pass, så sikre deg eit så fort som muleg!

Passet gjev tilgang til alle arrangement, unntatt Asado y Tango som krev eigen billett.

close

Bjørn Sundquist

Bjørn
Konsert i Stangvik kyrkje
8. juni kl 14.00 i Stangvik kyrkje
Bjørn Sundquist les til tonefølgje av Catriona Macdonald, Trine Knutsen (fløyte) og Harald Rise (orgel).

Bjørn Sundquist (fødd16. juni 1948 i Hammerfest) er ein av dei mest bruka og meritterte skodespelarane i Norge. Sundquist har norgesrekord i antal Amanda-prisar. Han vart tildelt Teaterkritikerprisen i 1987 og mottok Æres-Amanda i 2000, Gullruten 2000 i klassen beste TV-skodespelar for Sejer – se deg ikke tilbake, Finnmark fylkes-kulturpris i 2003 og Gammleng-prisen i klassen skuespiller i 2005. Same år vart Bjørn Sundquist kåra til det siste århundrets beste mannlege filmskodespelar.

Bjørn har ein imponerende filmografi og har delteke i mange tv-seriar. Han har eit bredt register og har vore med i komediar, krim, drama, genrefilmer – seinast i Hansel & Gretel – Witchhunters. Sjå mer på IMDB. Ved årsskiftet 2013/14 fullførte han innspelinga av Her er Harold – eit kidnappingsdrama som involverar Ikea-gründeren Ingvar Kamprad. Filmen har planlagt première hausten 2014.

Bjørn hadde rolla som Gud i Det Norske Teatrets oppsetjing av Bibelen i 2013.

close

Torstein Flakne

Torstein Flakne
Gitarverkstad
5. juni kl 10.00 i Surnadal Kulturhus
I samarbeid med Kulturskulen på indre Nordmøre blir det arrangert gitarverkstad med Torstein Flakne. Opent for alle.
Råkkeverkstad
5. juni kl 13.00 i Surnadal Kulturhus
I samarbeid med Kulturskulen på indre Nordmøre blir det arrangert råkkeverkstad med Torstein Flakne. Opent for alle.
Råkksøg
5. juni kl 19.00 i Vårsøgteltet utafor Surnadal Kulturhus
Lokale band saman med Torstein Flakne.

Torstein Flakne (fødd 17. desember 1960) er ein norsk gitarist, vokalist og låtskrivar. Flakne er mest kjent for si medverkning i rockgruppane The Kids og Stage Dolls, men har òg gjeve ut solo-materiale. Karrieren starta på Melhus i 1977 med popgruppa Page 9. Gruppa skiftet året etter namn til Harvest og vart i 1979 til The Kids, som vart spesielt kjent gjennom låta «Forelska i lærer’n» (1980). I 1983 danna Flakne det melodiøse rock-bandet Stage Dolls saman med Terje Storli og Erlend Antonsen. Med dette bandet, som er hans musikalske hovedprosjekt, har det òg vore turnering og plateutgivelsar i det store utland, hovedsakeleg USA.

close

Vårvinden susar

Våren er komen,
sola ho skin,
fuglane har ein song så fin.
Flua ho surrar, katta mi «purrar».
Fossen han brusar
og vårvinden susar.
- Erlend Lund, 4b Øye skule 1999

vårsøgdikt

Kvart år skriv skulelevar i Surnadal, Rindal og Halsa dikt som samlar Vårsøghelga inn, kor eit utval blir lest opp av elevane sjølve på Kleiva, Kleivakvelden. Eit utval av dikta frå dei første fem åra er i boka Dikt frå Vårsøglandet, som kan kjøpast under Vårsøghelga.

close

Jørn Simen Øverli

Per Simen Øverli
Har Alf Prøysen noko å seie folk i dag?
7. juni kl 15.30 i Surnadal folkebibliotek på Surnadal Kulturhus
Samtale mellom Per Husby og Jørn Simen Øverli, leia av Henning Sommerro.
Prøysenvisene som forsvann
7. juni kl 16.30 i Storstuå på Surnadal Kulturhus
Konsert med Jørn Simen Øverli, Helge Lien og Rolf Erik Nystrøm, lokalt prosjektkor leia av Elin Persson og elevar frå kulturskulen.

Jørn Simen Øverli (fødd 1950) er utdanna ved Norges Musikkhøgskole i Oslo med gitar som hovedinstrument. Grunnleggjande gitarspill lærte han av den eksperimentelle komponisten og gitaristen Bjørn Fongaard frå han var 12 år og kompa seg sjølv i gjennom farens hyllemetere med svenske viser tidlig i tenåra. Jørn Simen hadde mange viseverkstader i 60- og 70-åra og gav ut ein omfattende gitarskule «Gitar for Alle» i 1980.

Frå 1985 har han levd av å syngje viser og alt som har med det å gjere. Han har gjeve ut 12 phonogrammar, dei fleste på Kirkelig Kulturverksted, og skreve 4 bøker om og med viser.

Som 12-åring var Jørn Simen maskot i Visens Venner, klubben som grunnla norsk visetradisjon.  Her møtte han Alf Prøysens verker og viser til fulle og dei har vore med ham heile livet. På starten av 1990-tallet laga Jørn Simen ei rekke epokegjerande radioprogram saman med Magne Lindholm om Prøysens kunst.  Han var mannen bak referanseverket «Original Prøysen»  – ein boks med 5 CD-ar kor Prøysen syng sine eigne viser i NRK-opptak.

«Det var Jørn Simen Øverli som åpnet for nytolkning av Prøysens verk, gjennom utgivelsen i 1992 «I min fars hus er det mange rom og de fleste er kjelleren». Utgivelsen var kontroversiell, men i dag ser vi at den er en klassiker, som demonstrerte mangfoldet og tolkningsmulighetene i Prøysens verk.»

- Magne Lindholm, tidligere sjef for NRK P2s kulturredaksjon

Seinare har han reist rundt med jazzpianisten Helge Lien og saksofonisten Rolf-Erik Nystrøm med ukjente og upubliserte Prøysenviser som ikkje passa inn i biletet av «kose» og «liksom-glade» Prøysenbildet som stort sett råda i hans samtid. Via samples fra NRKs arkiv fører han artige, morosame og overraskende «samtaler» med Prøysen fra scenen.leave4

Sommaren 2013 satte Jørn Simen i gang en mediadebatt som varte over ein månad omden nye generasjoners artistar og musikarar sine mulegheiter til å behandle Prøysen viser på moderne måtar for å gjere Prøysens verk tilgjengeleg i moderne tonespråk. No har han òg eit program med Sølvguttene som syng Prøysens gutteviser. «Gull i munn».

www.jornsimen.no

Foto: Erik Thallaug

close

Henning Sommerro

Henning Sommerro
Henningtimen
5. juni kl 12.00 i Svorkasalen, Surnadal Kulturhus
Ein time med annsleis musikkhistorie med Henning Sommerro, for skuleborn.
Kleivakveld
6. juni kl 19.30 på Kleiva
Jan Eggum, Catriona Macdonald, Henning Sommerro, John Pål Inderberg med fleire står for det musikalske denne kvelden, kvar vi òg få vårsøgdikt av skuleborn og utdeling av Kleivaprisen.
Har Alf Prøysen noko å seie folk i dag?
7. juni kl 16.00 i Kammerset på Surnadal Kulturhus
Samtale mellom Per Husby og Jørn Simen Øverli, leia av Henning Sommerro.

Henning Sommerro er ein av Noregs fremste musikarar og komponistar, og har vore kunstnarisk leiar for Vårsøghelga sidan starten i 1995.

Han har har skrevet viser, kammermusikk, kor- og orkestermusikk, opera, film- og teatermusikk. Han har teke imot bestillingar frå Sverige, Danmark, Tyskland, Russland, Estland, Skottland, England, Slovakia, Frankrike, Palestina, Israel og USA.

Han er også ein viktig bidragsytar og brubyggjar innan improvisasjonsmusikk, samt formidlar og arrangør av folkemusikk.

Henning Sommerro har turnert i Europa og USA, medverka på utallige CD’er og teke imot mange prisar.

Han er professor i kontrapunkt, improvisasjon og komposisjon ved Musikkonservatoriet ved NTNU i Trondheim.

close

Sigrid Vetleseter Bøe

Sigrid Vetleseter Bøe
Sigrid
8. juni kl 16.30 i Surna bedehus på Surnadalsøra
Sigrid Vetleseter Bøe framførar sin eksamenskonsert, akkompagnert av Trygve Brøske

Sigrid Vetleseter Bøe (fødd i 1989) vaks opp i Bøfjorden i Surnadal kommune. Som born hadde ho musikk på alle kantar, og fatta tidleg interesse for klassisk musikk, og spesielt opera. Sigrid studerar utøvande musikk ved Musikkonservatoriet ved NTNU i Trondheim under sangprofessor Elisabeth Meyer-Topsøe, og har det siste året hatt Trygve Brøske som fast akkompagnatør. Sigrid har delteke på fleire masterclasses, blant annet med John Lidal, Marianne Beate Kielland, Andreas Schmidt, Håkan Hagegård og Elizabeth Norberg-Schultz.

Sommaren 2012 vart ho tildelt Edvard Bræins minnepris for sitt lovande musikktalent, og vart i januar 2014 tildelt Shells Musikkteaterstipend.

Sigrid har vore sopransolist på mange sakrale verk, mellom anna Bachs «Weihnachtsoratorium», Händels «Messiah», Pergolesis «Stabat Mater», Mozarts «Coronation Mass», Larssons «Förkledd Gud» og Sommerros «Magnificat». Ho var sopransolist med Filharmonia Kameralna Im. Witolda Lutoslawskiego w Lomza og Kristiansund kammerkor i Polen sommaren 2011.

Her får vi oppleve kjende klassikarar frå Verdi, Puccini, Heise, Grieg, Berg, Golijov og fleire!

Nettsida til Sigrid

Foto (c) Lise Rønning

close

Revytevling

Øvre Surnadal Revylag
Gapskrattkveld
5. juni kl 21.00 i Vårsøgteltet, utafor Surnadal Kulturhus
Lokale revylag tevlar om den det største latterbrølet frå publikum. Johnse, gruppa Bass og Bannskap med Elisabeth og Annbjørn Husby og Kjell Gunnar Polden med fleire underheld. Programleiar: Gøran Bolme.

Kven klarar å få fram dei høgste latterbrøla av dei lokale revylaga?

I Vårsøghelga blir det Gapskrattkveld, og disse revylaga vil tevle:

  • Bøfjorden Teaterlag
  • Svarrabærje Teaterlag
  • Øvre Surnadal Revylag

Øvre Surnadal Revylag

I 2012 initierte Sagatun (Øverbøgdas slott) i samarbeid med noen av bygdas mest habile ungdommer å gjenblåse liv i den tradisjonelle og sagnomsuste «træidagsfæsten». Dette resulteret i Øvre Surnadal Revylag! I 2012 fremførte de Øverbøggrevy’n med over 100 innbetalte på dagtid og fullstappa sal på kveldstid, med påfølgende gode omtaler i lokale medier. Etter dette ble Ny tid, nye karra fremført i jula 2014 med samme stil. Sagatun konstateterer at Øvre Surnadal Revylag virkelig har bidratt til positiv omsetning og styrket grenda! Når vi til å med klarer å trekke en og annen skjessbøgg opp til oss, vet vi at vi har lyktes! Øvre Surnadal Revylag vil i fremtiden sette opp revy annethvert år i jula og satser på fremtidige priser på Høylandet så vel som i Vårsøghelja. Revygjengen består per dags dato av følgende mannskap: Ann Kathrin Moen, Jorunn Talgø, Trond Ivar Fiske Pedersen, Hanne Moen Fiske, Kristian Nerland, John Langli, Berit Fugelsøy, Bjørnar Dalsegg Sæther og Gøran Bolme

close

Per Husby

Per Husby
Eldre hjelper eldre
6. juni kl 11.00 i Svorkasalen, Surnadal Kulturhus
Per Husby held programmet Vår felles fortid for Eldre hjelper eldre.
Har Alf Prøysen noko å seie folk i dag?
7. juni kl 15.30 i Surnadal folkebibliotek på Surnadal Kulturhus
Samtale mellom Per Husby og Jørn Simen Øverli, leia av Henning Sommerro.

Han har skreve musikk for fjernsyn (Notes for Nature ble utgjeve på CD 1990), og har arbeida mykje som orkesterleiar og arrangør i radio og fjernsyn, mellom anna som kapellmeister for Da Capo. Albumet If You could See Me Now kom i 1996. Husby har òg vore aktiv som skribent og kulturdebattant. Tildelt Norsk Jazzforbunds Buddypris 1989.Per Husby (fødd 2. april 1949 i Oslo), norsk jazzmusikar, pianist, komponist, arrangør og orkesterleiar. Han studerte ved Musikkonservatoriet i Oslo 1962–67, og ved NTH i Trondheim 1970–74, samtidig som han var sterkt engasjert i trøndersk jazzliv. Med Bjørn Alterhaug 1970–76, Bodega Band gjennom 1970-årene, kapellmeister på Trøndelag Teater frå 1977. I 1980 flytta han attende til Oslo, hadde eigen kvintett 1980–83 og spela med Laila Dalseth 1981–86. Frå 1984 har han i periodar leia sitt 12 manns Dedication Orchestra, med konsertar og plateinnspelingar. Albumet Dedications vart tildelt Spellemannprisen 1985.

close

Cholo Tangotrio

Cholo tangotrio
Asado y Tango
8. juni kl 19.30 i Horisonten restaurant på Thon Hotel Vårsøg.
Ein hyllest til argentisk kultur med mat og musikk frå Sør-Amerika. Musikk av Cholo Tangotrio og Daniel Amaro, leia av Conny Hübner.
Milonga
8. juni kl 22.00 i Sandeman/Musters, Thon Hotel Vårsøg
Tangodans inn i natta med Daniel Amaro, Cholo Tangotrio, Eistein Bæverfjord, Elisabeth og Annbjørn Husby.

Kåre Jostein Simonsen på bandoneon saman med Frode Dyrli Angelsen på gitar og Rolf Hoff Baltzersen på kontrabass utgjer Cholo Tangotrio. Dei spelar tango og milonga frå dei forskjellige stilskaparane gjennom tangoens historie; Pedro Laurentz, Anibal Troilo, Astor Piazzolla, Mariano Mores med fleire. Ein stor del av arrangementa til Cholo Tangotrio er laga av Rodolfo «Cholo» Montironi i anledning Kåre Jostein Simonsen sin mastereksamen i argentinsk tango og bandoneon.

Kåre Jostein Simonsen (fødd 26. mars 1948) er ein norsk bandoneonist. Han har vore fast medlem av Tango Concertino og Trio Troika i Trondheim og spelar no i ensemblene Quinteto Nidaros (piazzollakvintett – bandoneon, fiolin, elgitar, piano og kontrabass), Tangazo og Cholo tangoduett/trio. Kåre Jostein sjåast på som nestoren i trøndersk tangomiljø og har studert bandoneon i Paris, Buenos Aires og Rosario og har mastergrad i argentinsk tango og bandoneon frå Musikkonservatoriet ved NTNU. Per Arne Glorvigen, Juan Jose Mosalini, Nestor Marconi, Pablo Mainetti og Rodolfo «Cholo» Montironi er bandoneonmestrar som Kåre Jostein har studert under.

Frode D. Angelsen (fødd 1972) er utdanna ved Musikkonservatoriet i Trondheim og Musikkhøgskolan i Malmø.  Han har undervist i gitar og kammermusikk ved m.a. NTNU og Heimdal vgs. Jobbar no ved Trondheim kommunale kulturskole og som frilans gitarist. Har m.a. spelt med Trondheim Symfoniorkester, Luftforsvarets musikkorps, Operaen i Kristiansund, Trondheim Sinfonietta, Billuca Ensemble og Cholo tangotrio.

close

Sigrun Slapgard

Sigrun Slapgard
Boksøg
7. juni kl 14.00 i Surnadal Folkebibliotek i Surnadal Kulturhus
Sigrun Slapgard samtalar om den nye boka si Englestien med Svein Sæter.

Sigrun Slapgard (fødd 30. oktober 1953) er ein norsk journalist og forfattar. Ho arbeider i NRKs utenriksredaksjon, og rapporterte heim for NRK fra Qatar under invasjonen av Irak i 2003. Hausten 2007 overtok ho som programleiar for utenriksmagasinet Urix.

Slapgard vart nominert til Brageprisen og fekk Melsom-prisen for sin biografi om den kvinnelege krigsreportaren Lise Lindbæk. Ho fekk Nynorsk litteraturpris (2013) for romanen Englestien.

Englestien er ein roman om ei søster og ein bror som trassar ein dødsdom og legg ut på ei vandring i landskapet frå barndommen. For ein gongs skuld skal ho ikkje reise frå han. Lasse, derimot, prøver å få Julie til å gi slepp, for denne gongen er det han som må reise frå henne.

close

Mikael Forselius

Mikael Forselius
Drivadebatt: Framtidas mat
6. juni kl 14.00 i Svorkasalen, Surnadal Kulturhus
Innleiing frå Mikael Forselius. Kunstnarisk innslag frå Øystein Sandbukt og Peter Puma Hedlund.

Mikael Forselius (fødd 1974 i Sundsvall, Sverige) har vore busett i Norge sidan 1995. Sidan 2008 har han vore administrerande direktør ved Røros Hotell AS som eig og driv Røros Hotell, Vertshuset Røros, Erzscheidergården Hotell og Kaffestuggu Røros. Han er styremedlem og deleigar i Smaken av Røros AS, Røros Bryggeri og mineralvannfabrikk AS, Atna bryggeri AS, Røros F&B group AS og Glåmos mineralvann AS. Mikael er styremedlem i mellom anna De Historiske hotell og spisesteder SA, RKK AS og Rørosmat SA.

Mikael har omfattande hotell- og restauranterfaring frå kjente stader i Norge og Sverige, og har utdannelse frå Cornell University, Hotellhøgskolen i Stavanger og Norsk vinsommilierutdannelse.

Blant hans utmerkelsar kan nevnast Trøndersk matpris, Gla ègget, Årets unge Hotelier i Norge, Årets bondelagskokk, Trøndersk matambassadør i tillegg til at han har vore Nominert til årets unge leder i Norge og årets bygdeprofil i Avisen Nasjonen.

Mikael har vore med i mange TV-produksjonar, nokre døme:

  • Smaken av Norge i TV 2 ( vinner)
  • Jakten på den Norske måltid i TV 2
  • Frokost tv i tv 2
  • New Scandinavian kitchen
  • en bit av Norge i Tv 2
  • Norge Rundt i NRK 1 og NRK 2
  • 7 julebakst i TV 8 og VG tv
  • Jenter på hjul i TV 2

www.mikaelforselius.no

Foto (c) T. Gustavsen

close

John Pål Inderberg

John Pål Inderberg
Kleivakveld
6. juni kl 19.30 på Kleiva
Jan Eggum, Catriona Macdonald, Henning Sommerro, John Pål Inderberg med fleire står for det musikalske denne kvelden, kvar vi òg få vårsøgdikt av skuleborn og utdeling av Kleivaprisen.
Pubkveld
6. juni kl 22.00 i Vårsøgteltet, utafor Surnadal Kulturhus
Kristiansund Storband, John Pål Inderberg med fleire.
«Hva kommer nå…?»
7. juni kl 12.00 i Svorkasalen i Surnadal Kulturhus
Barne-/familieforestilling av Eldbjørg Raknes med Frode Eggen, Tor Breivik og gjest for anledninga John Pål Inderberg.

Vårsøgven og fast deltakar på Vårsøghelga John Pål Inderberg er Norges leiande jazzbaryton- og sopransaxofonist, ein allsidig saxofonist med sans for eit spontant musikalsk uttrykk.

Han kombinerar mange stiluttrykk bl.a. i samarbeid med norske og amerikanske jazzmusikarar og har vore ein særs aktiv utøvande artist. To ytterpunkt blant Inderbergs medmusikarar  er  Lee Konitz og Henning Sommerro.

Hans sopran- og barytonsaxofon kan høyrast på ei lang rekkje plateinnspelingar. Inderberg var i mange år professor ved jazzlinja-NTNU i Trondheim.

close

Catriona Macdonald

catriona macdonald
Kleivakveld
6. juni kl 19.30 på Kleiva
Jan Eggum, Catriona Macdonald, Henning Sommerro, John Pål Inderberg med fleire står for det musikalske denne kvelden, kvar vi òg få vårsøgdikt av skuleborn og utdeling av Kleivaprisen.
Konsert i Stangvik kyrkje
8. juni kl 14.00 i Stangvik kyrkje
Bjørn Sundquist les til tonefølgje av Catriona Macdonald, Trine Knutsen (fløyte) og Harald Rise (orgel).

Catriona Macdonald er frå Shetland og ein av dei fremste fiolinistane innan folkemusikk i verda. Med utangspunkt i tradisjonsmusikken og med eit moderne og variert uttrykk er ho ein stor formidlar for folke- og verdsmusikken.

Catriona har spela mykje saman med andre, og er mest kjend for sitt samarbeid med trekkspelar Ian Lowthian som ho har turnert rundt heile verda med. I 1983 leia ho folkemusikkgruppa Shertland’s Young Heritage. Ho er med i den skotske tradisjonsmusikkgruppa Blazin» Fiddles, og i den spanande verdsomspennende fioliongruppa the String Sisters med Liz Carroll, Liz Knowles, Emma Härdelin, Annbjørg Lien og Mairead ni Mhaonaigh.

Ho har spela fiolin sidan 1981 og var toppeleven til Dr Tom Anderson MBE, og har og studert utøvande musikk med song ved Royal College of Music i London i 4 år. I 1983 vart ho kåra til årets unge fiolinist av Shetlands folkemusikkforening, og i 1991 vann Catriona den prestisjefylte BBC Radio Two Young Tradition Award. Med the String Sisters var ho nominert til Spellemann i Norge 2008.

Catriona er brennande engasjert i formidling og vidareføring av sin og sitt lands tradisjonar og har vore instumentell i å innlemme Shetlandsk musikkhistorie inn i Storbritannias musikkutdanningar. Ho er lærar i folke- og tradisjonsmusikk ved universitetet i Newcastle, og har våre engasjert hos det Kongelege Skotske Musikkakademiet i Glasgow, i tillegg til universiteta i Limerick og Stirling.

close

Eistein Bæverfjord

Eistein Bæverfjord
Hesjarfilmen
5. juni kl 12.00 i Svorkasalen, Surnadal Kulturhus
Eistein Bæverfjord syner fram Hesjarfilmen.
Milonga
8. juni kl 22.00 i Sandeman/Musters
Tangodans inn i natta med Daniel Amaro, Cholo Tangotrio, Eistein Bæverfjord, Elisabeth og Annbjørn Husby.

Eistein Bæverfjord (fødd 1940) er ein lokalhistoriker og trekkspelar frå Bæverfjord i Surnadal. Eistein har laga fleire filmar om kvardagskultur frå Nordmøre og vore ein markant og viktig kulturpersonlegheit i ein mannsalder. I 2007 fekk Eistein Kleivaprisen av Surnadal kommune.

hesjing lars hamnes

Foto av Eistein: Reidar Østvik

Foto av hesjaren: Eistein Bæverfjord

 

close

Daniel Amaro

Daniel Amaro
Asado y Tango
8. juni kl 20.00 (dørene opnar 20.00) i Horisonten restaurant på Vårsøg Hotell
Ein hyllest til argentisk kultur med mat og musikk frå Sør-Amerika. Musikk av Cholo Tangotrio, Daniel Amaro og Line Kristiansen Cancino, leia av Conny Hübner.
Milonga
8. juni kl 22.00 i Sandeman/Musters, Thon Hotel Vårsøg
Tangodans inn i natta med Daniel Amaro, Cholo Tangotrio, Eistein Bæverfjord, Elisabeth og Annbjørn Husby.

Daniel Amaro vart fødd i Montevideo, Uruguay i 1950. Han er tekstforfattar, komponist, gitarist og songar. Han har gjeve ut fleire plater: Recital a la ciudad de Montevideo (1978), Mares y abismos (1983), El tiempo del desprecio /el tiempo de abrazar (1985), Transatlantico kvar han syng saman med Joaquín Sabina og Luis Eduardo Aute (2000) og si siste plate Uno y su corazón (2007). Amaro har budd 7 år i Argentina, 7 år i Spania og 20 år i Norge og han har heile tida arbeidd med sine komposisjonar som han kallar tanguez (ein blanding mellom tango og brasiliansk musikk, musikkformer som har prega Amaro frå han var liten gut i Montevideo).

Hans mest kjente tema A la ciudad de Montevideo (Til byen Montevideo) er innspelt av fleire kjente musikarar i latin-Amerika og Spania og den er som ein nasjonalsong i Uruguay. Her i Norge har Amaro spelt saman med Fliflet/Prestø/Ytre-Arne/Andresen i Temperaments orkester, Jan Eggum/Ole Hamre/Gabriel Fliflet i konsertforestillinga Tragisk aften kvar han syng Eggum på spansk. Han har òg spelt saman med Tango Concertino og Tango for 3 i forskjellige samanhengar. Amaro har òg arbeidd mykje saman med Per Arne Glorvigen. Dei spelte inn eit fjernsynsprogram for NRK, Helt tango, saman med Det Norske Kringkastingsorkester.

Amaro har òg sitt eige band, Transatlantico, og Amaro vil snart presentere si siste plate Uno y su corazón som blir spelt inn i Norge saman med musikarar og vener: Stein Inge Brækhus (trommer og perkusjon), Roald Andrésen (gitar), Erik Halvorsen (piano), Magne Thormodsæter (bass), og med Per Arne Glorvigen (bandoneón) og Aage Vaksdal (trekkspill).

Han har reist på Norgesturne som ”el cantor” i Astor Piazolla/Ferrer lille opera ”María de Buenos Aires” med mellom anna Tango for 3, Horacio Ferrer, Julia Zenko og Per Arne Glorvigen som dirigent.

close

Øystein Sandbukt og Peter Puma Hedlund

Hedlund_Sandbukt
Drivadebatt: Framtidas mat
6. juni kl 14.00 i Svorkasalen, Surnadal Kulturhus
Innleiing frå Mikael Forselius. Kunstnarisk innslag frå Øystein Sandbukt og Peter Puma Hedlund.
Hesjarfilmen
5. juni kl 12.00 i Svorkasalen, Surnadal Kulturhus
Eistein Bæverfjord syner fram Hesjarfilmen, med kunsterisk innslag frå Øystein Sandbukt og Peter Puma Hedlund.

Øystein Sandbukt (fødd 2. mars 1969) spelar mest på akustisk stålstrenggitar, men spelar el-gitar og bassgitar der det trengs. Øystein har bakgrunn frå rock og blues, men har i dei seinare åra fatta interesse for folkemusikk – noko som har resultert i ein mastergrad i tradisjonskunst, med fordjuping i folkemusikk, frå Høgskulen i Telemark.

Øystein er aktiv i fleire folkemusikkgrupper som Den Store Norske Gitarkvartett og Onkel Folke, og har vore på skulekonsert-turné med folkemusikk-produksjonen Æppel Pæppel. I tillegg held han solokonsertar, eller akkompagnere solistar i ulike genrar. Øystein er distriktsmusikar i Møre og Romsdal med gruppa «Frå fjord til fjell», og er med i gruppa Skrult.

Øystein har komponert mykje musikk, m.a. til to «Ut i Naturen»-program og fleire skulekonsert-produksjonar. Han har også arrangert folkemusikk for kor og spelemannslag. I 2011 var Øystein nominert til Spelemannspris i kategorien Folkemusikk/tradisjonsmusikk med plåta Nordmør.

Peter ”Puma” Hedlund (fødd 1957) er Riksspellemann og Sveriges leiande utøvar på nøkkelharpe. Peter er komponist, musikar og ein viktig bidragsytar til at nøkkelharpa igjen har kome i fokus. Han er dobbel verdsmeister i nøkkelharpe (1992 og 2000), og fikk i 2010 Sveriges mest prestisjefylte folkemusikkutmerkelse, Zornmärket i Guld.

Peters karriere strekk seg 35 år attende i tid, og han har gjeve ut fleire plater. Vägen (2002), Another Way  saman med 8 annare musikarar (2003), Resonans (2006), og i 2013 gav Peter og Øystein ut albumet Tidlösa valsen.

www.peterhedlund.com

close

Gabriel Fliflet

Gabriel Fliflet
Valseria – eit valseverk
7. juni kl 21.00 på Åsen Bygdemuseum
Ein hyllest til 3-takta av Gabriel Fliflet med fleire.

Gabriel Fliflet (fødd 18. juli 1958 på Åland) er ein fargerik musikar med trekkspill som hovedinstrument og med lang fartstid innan ei rekke ulike formar for folkemusikk. Han vart kåra til Årets folkemusiker i 2011. I løpet av sitt musikerliv har han dyrka norsk folkemusikk saman med markante utøvarar som Berit Opheim, Gjermund Larsen, Ånon Egeland, Benedicte Maurseth og Sigrid Moldestad.

Fliflet har også spela balkanmusikk i mang slags former, bl.a. saman med den danske blåsaren og musikkguruen Peter Bastian. Mest kjent er likevel hans kompaniskap med trommeslagar Ole Hamre i den uforutsigbare duoen Fliflet/Hamre. Her er trekkspill og slagverk utgangspunket for ein vital og sofistikert rytmisk musikk, som ofte har røter på Balkan og i Øst-Europa. Fliflet/Hamre har gjeve ut tre plater og turnert land og strand sidan starten i 1991. De to venene har samarbeida med ei rekke norske og utenlandske artister, bl.a. Odd Nordstoga, Kari Bremnes, Jan Eggum og Knut Reiersrud.

Gabriel Fliflet er også med i verdens eineste fransk-norsk-engelske folkemusikkgruppe: Five Men in a Boat. Her står fleirstemt song i høgsetet.

I den utadvendte, bergenske kvartetten Novgorod dyrkar han finsk humppa, jiddisk tango og annan etnisk populærmusikk frå østersjøområdet frå 1930- 40-, 50- og 60-talet!

Gabriel Fliflet lagar songbar musikk med tydeleg særpreg. I løpet av eit langt musikarliv har han bada i mange musikalske kulpar. Nå vil han hylle valsen! I konserten Valseria møtar du valser som flyt, hvirvlar eller tenkjer seg om. Med dufter fra Vestlandet, Balkan, Paris og Nordsjøen. Med tekst frå Kjartan Fløgstad, Einar Økland og Gabriel Fliflet, om utferd og eventyr og sommaraugeblikk og dei døde i kirkegårdens mold. Sidan Valseland er eit vennlig land, er også melodiar i andre stilar og taktartar invitert med; vakre bruremarsjer og vuggesongar ved sida av drivande latino-, swing string og balkanrytmer. Konserten Valseria vart bestilt av VossaJazz som eit tingingsverk til festivalen i 2013.

«..den eine perla etter den andre…augneblikka av pur magi… stråande konsert» – Lars Mossefinn, Jazznytt

«For et driv, for et spenn og for en velspillende gjeng! … Et fyrverkeri av en konsert» – Ole Foss, Romsdals Budstikke

«Til saman var det til tider så hårreisande fltt at til og med hårlause kjende kor busta tok av. (…) Det er nesten uråd å plukka ut høgdepunkt i ein slik konsert.» – Nils Kvamsdal, Hordaland

«Gabriel Fliflet kan komponere vare, stillferdige balladar… Men dei har ein uro i seg. Under den rolege overflata fornemmer me ei kraft som sprengjer seg på og vil ut. Eg veit i farten ingen annan utøvar innanfor denne sjangeren som har slik melodisk og rytmisk kraft i seg som Gabriel Fliflet. Han er som eit musikalsk skred.» – Sigmund Krøvel-Velle, Hallingdølen

www.gabrielfliflet.no

close

Legenden om Kaptein Dante

Kaptein Dante
Legenden om Kaptein Dante
8. juni kl 18.00 på Nordmøre Folkehøgskule
Ein musikal skrevet og regissert av Thomas Gunnari Røtting og Trond J. Stavås, framført av elevar på Nordmøre Folkehøgskule.

Legenden om Kaptein Dante er ein musikal skrevet og regissert av Thomas Gunnari Røtting og Trond J. Stavås, framført av elevar på Nordmøre Folkehøgskule.

Sommaren 2013 starta samarbeidet mellom Trond Stavås og Thomas Gunnari Røtting om det som vart piratmusikalen: Legenden Om Kaptein Dante. Ideen var å skrive ein shantymusikal (aka Shantikal) basert på gamle shantyviser, som skulle bli framført av elevar ved Nordmøre Folkehøgskule. Ideen utvikla seg til å bli ein musikal med originalmusikk innanfor fleire sjangrar. Thomas Røtting står for musikken, mens Trond Stavås står for manus. Plott og karakterar har dei skrevet saman.

Det finst ein legende, om ein mann som vart drevet ut av landet sitt etter å ha vorte syndebukk for ein morderisk brann han ikkje starta. Han dro ut mot havet med hat i hjartet. Slik vart han den berykta piraten; Kaptein Dante.

Historien starter ved ei norsk hamn. Skuta HMS Bonnie skal ut på oppdrag i Adenbukta for å starte opp drifta av en nedlagt norsk oljerigg. Skuta sin Kaptein Nelson, har med seg dei norske politikarane Jens og Siv frå staten, som finansierar oppdraget. Vår protagonist, den unge Johnny, tek på seg ein jobb som byssegutt på skuta, for å vekse opp og følge sin fars fotspor som sjømann. På skuta blir han stormforelska i Kaptein Nelsons dotter, og skapar eit vennskapeleg forhold med førstestyrmann Ola Stokkfisk. Når dei møter Kaptein Dantes skute, oppstår dilemma om liv og død. Det ligg meir bak enigmaen om Dante enn det ser ut som.

kaptein dante

close

Annelene Haftorn

Annelene Haftorn
Opning av Vårsøghelga og kunstutstilling
5. juni kl 18.00 i Foajeen og Finstuå i Surnadal Kulturhus
Den offisielle opninga av Vårsøghelga og kunstutstillinga av festivalkunstnar Annelene Haftorn med kunstnariske innslag frå kulturskulen med dans og el-gitar.

Årets vårsøgkunstnar er Annelene Haftorn. Annelene (fødd i 1952 i Drammen) bor på Opdøl i Sunndal kommune og er utdanna frå Statens Håndverks- og Kunstindustriskole og Kunsthøgskolen i Oslo.

Annelene har hatt ei mengd separat- og gruppeutstillingar i inn- og utland, og fått fleire regionale og nasjonale stipend. Verka til Annelene er kjøpt inn av fleire offentlege og private organisasjonar og ho har hatt fleire oppdrag retta mot kommunale og statlege organisasjonar.

Nettsida til Annelene Haftorn

close

Bass og Bannskap

Bass og bannskap
Gapskrattkveld
5. juni kl 21.00 i Vårsøgteltet, utafor Surnadal Kulturhus
Lokale revylag tevlar om den det største latterbrølet frå publikum. Johnse, gruppa Bass og Bannskap med Elisabeth og Annbjørn Husby og Kjell Gunnar Polden med fleire underheld. Programleiar: Gøran Bolme.

Bass og Bannskap er ein arbeidstittel som vart til på ei gruppe med utspring i Nordmøre Folkehøgskule. Namnet blei til under ”Blobøkja” bak folkehøgskulen. Ordføraren, som seinare var innom på besøk, laga eit anna namn på gruppa. Men kva det er får du spørje han om sjølv…

Vi presenterer dikt frå kjende lokale diktarar, der vi legg på lyd med kontrabass og fele. Framføringa blir ulik kvar gong, men ideen er den same. Dette blir ispedd lokalhistorie, språkoppplæring og forteljingar rundt livsvisdomen som dikta representerer. Dikta er ikkje ukjent stoff for lokale folk, men innpakninga er ny og ukjend.

Gruppa består av

close

Kristiansund Storband

kristiansundstorband
Pubkveld
6. juni kl 22.00 i Vårsøgteltet utafor Surnadal Kulturhus
Kristiansund Storband, John Pål Inderberg med fleire.
  • Medvirkende: Elisabeth Gjørsvik og Odd Harald Olsen, vokal
  • Drum Explosion: Mads Stavrum, Frank Hannasvik og Kiril Kirilov
  • Gjestesolist: John Pål Inderberg
  • Musikalsk leder: Alf Ekholm

Kristiansund storband: Arne Leren, Fredrik Haga, Grethe Dahlen, Marianne Hestvik og Bjørn Slettestøl, saxofoner. Harald Svendsen, Halvor Naustdal, Jan Ivar Frantzen og Stein Inge Storvik tromboner. Arne Larsen, Einar Torske, Nina Nordtømme og Kjersti Klokseth Johansen trompeter.

Kristiansund storband spiller 3 sett. Første sett er i sin helhet viet trommeseksjonens plass i jazzmusikken, og er en hyllest til jazztrommiser fra Gene Krupa til Buddy Rich. Her får vi høre musikk som spenner fra trettitallet fram til i dag, – fra swingjazz til jazzrock.

Sett to og tre står i vokaljazzens tegn. Her domineres repertoaret av musikk knyttet til sangere som Frank Sinatra og Ella Fitzgerald. Lokale sangere fra Surnadalsdistriktet inviteres til å synge med storbandets egne vokalister. I tillegg til vokallåtene vil storbandet også spille et knippe instrumentallåter fra swing- og latinrepertoaret.

Kristiansund Storband vart danna i 1982 med basis i musikklinja ved Atlanten videregåeande skule i Kristiansund. Storbandet består av en kombinasjon av 18 amatørmusikarar og profesjonelle medlemmar.

Bandet har mange forskjellige prosjekt bak seg.
I forbindelse med Kristiansunds 250 års jubileum skrev Bjørn Alterhaug et bestillingsverk, «Kringelhauk», med basis i nordmørske folketoner, kvar dei hadde med Elisabeth Gjørsvik frå Tingvoll som vokalist og Frode Alnæs, John Pål Inderberg og Bjørn Alterhaug som solistar.

Kristiansund Storband har vore ein del av Operafestukene i Kristiansund i ei årrekkje.

www.kristiansundstorband.com

close

Ekteparet Husby

Ekteparet Husby
Gapskrattkveld
5. juni kl 21.00 i Vårsøgteltet, utafor Surnadal Kulturhus
Lokale revylag tevlar om den det største latterbrølet frå publikum. Johnse, gruppa Bass og Bannskap med Elisabeth og Annbjørn Husby og Kjell Gunnar Polden med fleire underheld. Programleiar: Gøran Bolme.
Milonga
8. juni kl 22.00 i Sandeman/Musters, Thon Hotel Vårsøg
Tangodans inn i natta med Daniel Amaro, Cholo Tangotrio, Eistein Bæverfjord, Elisabeth og Annbjørn Husby.

I 2010 hadde Elisabet sin bachelorkonsert med argentinsk tango og Astor Piazzolla som tema. Her medverka Annbjørn på kontrabass i eit større ensemble. Sidan resten av ensemblet ikkje var vidare interessert i å flytta etter til Surnadal, måtte ekteparet ty til duo-formatet. Elisabet er utdanna på fiolin frå Høgskulen i Volda, med Øystein Salhus som lærar.

Annbjørn er utdanna jazzbassist frå Norges Musikkhøgskole i Oslo, og har gått i lære hjå den kjende bassisten Bjørn Kjellemyr. I anledning Milonga på tampen av Vårsøghelga trakterer Annbjørn klassisk gitar i staden for kontrabassen.

close

Line Kristiansen Cancino

Line K Cancino
Asado y Tango
8. juni kl 20.00 (dørene opnar 20.00) i Horisonten restaurant på Vårsøg Hotell
Ein hyllest til argentisk kultur med mat og musikk frå Sør-Amerika. Musikk av Cholo Tangotrio, Daniel Amaro og Line Kristiansen Cancino, leia av Conny Hübner.

Line Kristiansen Cancino har siden 1998 både sunget og danset argentinsk tango, både lokalt og internasjonalt. I tillegg undervisar ho i kunstarten, og starta i 2008 opp undervisningsopplegget, «Tango i Skolen», der ho som spansklærar brukar tango i klasserommet for å gi elevane ein spesiell innfallsvinkel til det spanske språket og den argentinske kulturen. Lidenskapen for argentinsk kultur og musikk, starta lenge før det. Med familiær tilhørigheit til Argentina, og ein lang periode i europeiske sirkus som dansar og artist med hovedvekt på det latinske uttrykket, er tangoen å rekne som hennar eigen kultur. Lange oppholdsperiodar i Argentina har preget hennar tolking av kunstarten, og vore til god hjelp i avlagte eksamenar innan faget.

Line K Cancino jobbar til dagleg som teater- og spansklærar ved Averøy ungdomsskole og Scenario Musikkteaterskole, Kristiansund kulturskole. Når ho har tid, syng ho argentinsk tango saman med eit lokalt tangoorkester, Hjemmelaget. Hun har besøkt Surnadalen før, både som tangoinstruktør, og som vokalist og dansar, saman med Rikskonsertene.

close

Vårsøglauget og samarbeidspartnerar

Vårsøglauget

Det er mange som er med og gjer Vårsøghelga muleg.

Vårsøglauget:

amfi drift     driva     gjensidige     pipelife     surnadalsparebank     svorka     tidenskrav     VårsøgHotell_LOGO_1_original_cmyk

Vårsøgvennene:

consto_logo-1     kias     logotype-statkraft     Ny-Logo-Domus     sparebank1     Talgo_2010     vibo

Takk til:

kulturrådet    mrfylke    surnadalkommune