Fredag 26. mai

Vårsøghelga 2017 opning

18.00 Foajeen, Surnadal Kulturhus.

Opning av salsutstilling av Odd Ingar Skrøvseth i samarbeid med Surnadal kunstforening. Kunstnarleg innslag med Perikom Trio: Karstein Mauset, Jo Ranheim og Ronny Kjøsen.
Kaffe og blautkake. Fri inngong.


Orgelbrus, Blues og The Brørs

20.30 Surnadal Billag AS.

Vaksen kr. 280, student kr. 180 – kjøp billett

TRØBASS&JAZZ
Ein nådelaust hardtswingande jazz-symbiose, utvikla og presentert av trommeslager Oddbjørn Sponås og organist/pianist Vegard Bjerkan. Gjennom eit leikande og lyttande samspel tek duoen for seg eit materiale beståande både av eigenskrivne låtar og nye tolkingar av songar frå gospeltradisjonen. Oddbjørn og Vegard er begge avgangsstudentar ved Jazzlinja på NTNU, og spelar til dagleg saman i fleire ulike jazz-konstellasjonar. Med TRØBASS&JAZZ er tida komen for å utforske det nokså uvanlege duo-formatet med trommer og hammond-orgel! Inspirasjon hentar dei frå gamle heltar som Milt Buckner og Joe Jones.

The Brørs
For mange er surndalingen Sigurd Brørs sikkert best kjent som langrennsløpar, med gode internasjonale resultat første halvdel av 90-talet. Men etter at han bytta ut Atomic med Gibson i 1996, har han heller utnytta kondisen sin til å lage popmusikk. Musikken til einmannsbandet The Brørs er ei blanding av gitarrock og progressiv powerpop som Sigurd har døypt powerpointpop. Han syng på både engelsk og surndalsdialekt, og konsertane hans er noko for seg sjølv, med video som viktig ingrediens.

#FakeBlews
30 år etter at bluesrockbandet The Pimps gjorde suksess I heimbygda, blir arven ført vidare med vokalisten sin son Øystein, som no syng i #FakeBlews. Ikkje det at bandet driv med jukseblues, men sjølv om ein av medlemmane kan skilta med eit US passport må dei nok seiast å ha
bakgrunnen sin langt frå bluesen sitt heimland. Til trass for det, når hatten og solbrillene er på plass vil ikkje dette vere langt unna ekte vare. Vokal: Øystein Hjelle Bondhus/Lisa Botterli Flostrand. Trommer: Olav Nergård Tørset. Piano: Brage Kristian Einum. Gitar: Rune Dalager. Bass: Sondre Skogseth. Trompet/Munnspel: Martin Einum.

Billagsburger og passande drykk blir å få kjøpt i billagsbaren. Ta på bluesbrillene og kom!


Laurdag 27. mai

Torg

10.00 – 15.00 Surnadal Kulturhus

Gammaldags torg med lokal mat og handverk. Utstillarar


Boksøg

11.30 Svorkasalen i Surnadal Kulturhus

Alle kr. 180 – kjøp billett

Kjartan Fløgstad har skrive alle slags bøker og vunne alle slags prisar, men aldri vore på Vårsøghelga. I årets Boksøg møter han Svein Sæter til samtale om eit forfattarskap som siktar høgt og lågt, smalt og breitt. Fløgstad er ein viktig forfattar også internasjonalt, ein «fabulerande realist» som hører heime her i Vårsøglandet.


Lengting, liv og song

13.00 Surnadal Kulturhus

Vaksen kr. 280, Honnør/student/born kr. 180 – kjøp billett
Songaren Tone Elisabeth Braaten, munnspelaren og
komponisten Sigmund Groven, songaren og gitaristen
Lars Klevstrand og pianisten Ivar Anton Waagaard utgjer eit mangfoldig firkløver i norsk musikkliv. Konserten er full av
eviggrøne norske songar, viser og instrumentalstykker som vil treffe mange heime!

Tordenskjold Songlag med dirigent Elin Persson opnar konserten med songen Nordmørsminne med nytt arrangement av Hennning Sommerro.

 

Drivadebatt: Nordmøre slår sprekker?

15.00-16:30 Svorkasalen, Surnadal Kulturhus

Fri inngong
Spørsmålet om framtidig regiontilknytnad for nordmørskommunane er tema for årets Drivadebatt under Vårsøghelga.
I panelet: Fylkesordførar Jon Aaasen (Ap) er mellom dei politikarane i Møre og Romsdal har vore ivrigast på å halde Møre og Romsdal samla. Fylkesvaraordførar Gunn Iversen Stokke (Sp) i Sør-Trøndelag skal delta, det samme skal Halsa-ordførar Ola Rognskog og Pipelife-sjef Kjell Larsen. Sistnevnte er mellom dei som tidlegare har gjeve uttrykk for at han meiner Nordmøre er best tent med å gå til Trøndelag. Henning Sommerro opnar debatten.
Det ligg àn til ein frisk debatt som skal leiast av Svein Sæter.  Alle interesserte er velkomne!
Kaffe og bakels blir å få kjøpt.


Kleivakveld

19.00 Kleiva, Surnadal

Vaksen kr. 280, Honnør/student/born kr. 180, Familie inntil 2 vaksen og 2 born kr. 600 – kjøp billett

Kleivakvelden er hovedarrangementet på Vårsøghelga. Her sit du på tunet til Hans Hyldbakk, kor han våren 1945 skreiv diktet Vårsøg, og får nerkontakt med utøvarane på den heimesnekra scena med breibygda Surnadal som panoramabakteppe. Grunnskuleungar les eigne dikt og kommunen delar kvart år Kleivaprisen. Henning Sommerro og John Pål Inderberg er programleiarar på sitt eigne humoristiske og musikalske vis. Kleivakvelden rundar allveg av med at Henning og publikum syng Vårsøg og ein kan risikere å bli både rørt og høgtidsstemt

Med Ole Paus, Henning Sommerro, John Pål Inderberg, Marjan Vahdat, Kjartan Fløgstad, Surnadal hornmusikk, Gunn Astrid Hove og Emilie Brøske Rønning, songelevar ved Kulturskolen på indre Nordmøre og Dansekompaniet frå Kulturskolen på indre Nordmøre, diktmønstring av grunnskuleungar og Kleivaprisutdeling.

Med Ole Paus, Henning Sommerro, John Pål Inderberg, Marjan Vahdat, Kjartan Fløgstad, Surnadal hornmusikk, dei unge songarane Gunn Astrid Hove og Emilie Brøske Rønning og Dansekompaniet frå Kulturskolen på indre Nordmøre, diktmønstring og Kleivapris.

Kaffe og bakels/kaffebrød å få kjøpt


Pubkveld

21.00 Thon hotell Vårsøg

Vaksen kr. 200, student og med kleivakveldbillett kr. 100. 20 årsgrense. – kjøp billett

Uhøgtideleg pubkveld med russisk underhaldning av søskenparet Natalia Eliseeva og Sergey Eliseev (og tru det eller ei, Henning Sommerro!). Til å underhalde på ukulele har vi Ljubomir Alexandrov som utanom å vera uvanleg god gitarspelar, er gitar- og bandlærar ved kulturskulen på indre Nordmøre.

Vertskap er dei nyinnflytta hit til Surnadal det «Russisk-Surndalske» paret Jelena og Birger Johnsen (son til Brit Herrem Johnsen). Hotellets eigen Borsjtj (russisk kjøtsuppe) og egna drikke å få kjøpt.


 


 

Søndag 28. mai

Strengekor

13.00 Stangvik kyrkje, Stangvik

Vaksen kr. 280, honnør/student/born kr. 100 – kjøp billett

Cantus og Juniorsolistene møtast til dyst i Stangvik kyrkje. Gjest: Henning Sommerro. Juniorsolistene under musikalsk leiing av Sigmund Tvete Vik og Cantus med dirigent Tove Ramlo Ystad. Solist Ivan Penjin på klaver. Musikk av Joseph Haydn, Wolfgang A. Mozart, og Henning Sommerro med fleire.

STRENGEKOR
Program JuniorSolistene
Musikalsk leder: Sigmund Tvete Vik

Wolfgang Amadeus Mozart: fra Eine kleine Nachtmusik
1.sats: Allegro

Joseph Haydn: fra klaverkonsert i D-dur
3.sats: Rondo All’Ungarese
solist: Ivan Penjin, klaver

Henning Sommerro: Skandinavisk suite fra Follow the Moonstone
Till Far, solist: Miriam Schrøder
Julverset, solist: Anna Sonstad
Vib ad Lib
Salme, solist: Kristian Ye
Eklundapolska, solist: Ragna Rian

Wojciech Kilar: Orawa

Program Cantus

Dirigent Tove Ramlo-Ystad
Ve no velkomne med æra Eva Holm Foosnæs
Even when He is silent Kim André Arnesen
Salve Regina Frank Havrøy
Spark (To music) Maude Gordon-Roby/ Eric William Barnum
Laudate omnes gentes Odd Johan Overøye
Nattjoik Frode Fjellheim
Spes Nils Aslak Valkeapää & Ecclestiastes 8:1,8/ Mia Makaroff

Felles med Henning Sommerro
Håpet er ei stjerne Ove Røsbak/ Henning Sommerro


Ravi (Alæine)

16.00 Austistuå i Moen, Øvre Surnadal

Fri inngong

Surnadal sparebank fyller 175-år i år og i det høve inviterer banken saman med laget Vårsøg til familiekonsert med Ravi under Vårsøghelga 2017.
Arrangementet vil finne stad på tunet til garden Austistua i Moen. På tunet står nemleg eit av dei fire stabbura som fungerte som kornmagasin og da dei vart selde blei grunnlaget til Surnadal Sparebank i 1842. Svein Sæter vil framføre eit kort kåseri om Surnadal sparebank si historie før vi slepp til plateaktuelle RAVI (Ivar Christian Johansen).

Mat og drikke å få kjøpt.


Kammerkonsert

19.00 Gulla Gård, Surnadal

Vaksen kr. 250, honnør/born/student kr. 100. – kjøp billett  NB! Få plassar.

Ein todelt konsert med Brage Kristian Einum piano og duoen Else Bøe (piano) og Marianne Baudouin Lie (cello). Vi får høyre bachelorprogrammet til Einum og nyskrivne solostykke for cello og piano, elektronisk musikk frå Buvika av Knut Wiggen og komposisjonar av Georg Crumb og Maja Solveig Kjelstrup Ratkje.