Arve Tellefsen, Håkon Bleken, Henning Sommerro, Trondheim Symfoniorkester, Nidarosdomens Guttekor og Trygve Brøske. Tungvektarar i midt-norsk kulturliv vil vere med og feire at Vårsøghelga i Surnadal i år blir arrangert for tjuande gongen. I 2015 er det òg 70 år sidan fredsvåren 1945, da Hans Hyldbakk sat på heimplassen sin Kleiva og skreiv diktet Vårsøg.

«Våryr, vakkert og variert» er merkelappen Vårsøghelga set på seg sjølv, og når dei no gir oss eit lite innblikk i programmet så ser vi at jubileumsåret sjølvsagt ikkje blir noko unntak frå dette. Laget Vårsøg sler verkeleg på stortromma og kan by på fire dagar med kulturfestival der igjen mangfaldet og kvaliteten er sett i høgsetet.

– Vi er svært nøgde med å endeleg kunne presentere Arve Tellefsen på Kleiva. Dette har vore eit ønskje i mange år, og det er jo spesielt artig at vi fekk det til i år. Vi gler oss alle til å få høyre Arve i samspel med Henning, i ein minikonsert sett saman spesielt for Vårsøghelga og Kleiva, seier Kvendset, som ikkje vil røpe heile programmet enno.

– Nei, vi vil ikkje ha alt klart før 25. mars, men allereie no er det klart at vi òg i år skal kunne tilby unike kulturopplevingar som vi håpar nordmøringane vil sette pris på. Billettane blir lagt ut på kulturhuset si bilettluke og salet tek til 1. april.

Og ho røper ei rekkje med arrangement som det nok vil bli rift om billettane på:

– Det er vanskeleg å trekkje fram noko, men det er klart at det blir stor stas å kunne presentere ein storarta Vårsøg jubileumskonsert for eit forhåpentlegvis fullpakka Surnadal kulturhus på fredagskvelden. Henning Sommerro vil naturleg stå i fokus, og med seg har han mellom anna munnspelvirituosen Sigmund Groven og ikkje minst, Trondheim symfoniorkester. Sommerro har òg skrive eit verk spesielt for urframføring av sambygdingane Trygve Brøske og Anders Larsen, i samspel med TSO som vi får høyre i denne konserten. Eg kan nesten ikkje vente, seier Kvendset.

Sjølv om Vårsøghelga i år er flytta frå Pinsehelga til siste helga i mai, så er konserten i Stangvik kyrkje med som ein sentral del av programmet. Og er det nokon som bokstaveleg talt kan fylle den store Stangvik-kyrkja med vellyd så er det Nidarosdomens Guttekor. Også for koret blir Vårsøghelga jomfruturen til Nordmøre så vidt vi kjenner til.

Vårsøghelga er ikkje berre musikk, og i galleri Finstua på kulturhuset blir det òg møte med ein legende i norsk kulturliv. Vårsøghelga inviterer til ei salsutstilling med bilete frå Håkon Blekens rikhaldige kunstproduksjon.

– Dette er stort, både for oss og Surnadal Kunstforening, som vi som alltid samarbeider med om utstillingane. Bleken er jo ein av dei store i norsk kunstliv, og det blir spanande å sjå kva han kjem til Vårsøghelga med, avsluttar Kvendset.