Sidan 1995 har Vårsøghelga vore arrangert i Surnadal, med kunstnerisk leiar Henning Sommerro i spissen.I omgrepet Vårsøg legg vi eit driv etter å sanse og skape, og elles mykje av det positive som kan assosierast med våren som årstid. Som våren kvart år gjev nytt liv frå gamle vekster, ønskjer vi at Vårsøghelga skal vere både nyskapande og tradisjonsberande. Hans Hyldbakk skrev diktet Vårsøg i 1945, og Henning Sommerro la melodi til det i 1971.Vårsøghelga søkjer å gi publikum unike kunst- og kulturopplevingar med innhald og form som elles kan vera sjeldan kost på Nordvestlandet.Vårsøghelga skal

  • ta vare på og utvikle lokale musikk- og kulturtradisjonar, stimulere til nyskaping og brei aktivitet
  • tilføre «nye» opplevingar (ikkje ferdigkjøpte) og gi nye impulsar i møte med kunst og kulturarrangement
  • styrke den lokale identiteten knytt til kultur og språk (dialekt, nynorsk, morsmål)
  • vektlegge samarbeid mellom lokale og tilreisande utøvarar, amatørar og profesjonelle.
  • gi born og unge som eldre gode kulturopplevingar

Frå Driva si spalte Vårsøgminne

Eit blad frå minneboka mi

Forventningane når du står inne i ein stappfull foajé på kulturhuset og ventar på at den grå og magiske døra inn til Galleri Finstuå skal opnast og du veit at du har ei langhelg fylt med flotte opplevingar framom deg, er ei fantastisk kjensle. Kanskje skal du kjøpe eit måleri, sjølv om du eigentleg ikkje har råd, og heilt sikkert er det at du skal på Kleiva neste kveld. Kleivakvelden er eit » must «! Høgdepunktet er når sola lurar seg framom regntunge skyer akkurat når Henning skal synge nasjonalsongen vår, » Vårsøg «. Da kjenner eg suget i magen og tenkjer kor glad eg er i bygda mi.
Det har vore mange minneverdige augneblink, eit av dei som har gjort sterkast inntrykk på meg var da John Røen fekk Kleivaprisen i år 2000. Dessverre fekk han ikkje oppleve å få prisen sjølv, kona Johanna tok imot han på vegne av mannen sin. John var ein heidersmann, og han har betydd mykje for meg personleg og folkemusikken på Nordmøre særleg. Som jentunge og ungdom gjekk eg mykje inn og ut av dørene i Buali, heimen til John og Johanna, og eg høyrde ofte at John spela fele eller song og kveda. Folkedans på stovegolvet var heller ikkje sjeldan kost der i heimen, og det hende at eg og fikk lære eitt og anna steget. I ettertid ser eg at John var med og fekk auga og øyra mine opp for folkemusikk og folkedans. Eg tykkjer folkemusikken gjev gjenklang i sjela, det er rotfest og ekte vare! Med Kleivaprisen fekk John Røen og familien hans ei særs fortent påskjønning for eit viktig arbeid; å ta vare på lokale folkemusikktradisjonar.
Eg vil og nytte høvet til å skryte av Vårsøghelga og viljen til å formidle denne delen av kulturarven vår. Eg kan nemne store opplevingar som Susanne Lundeng på Åsen, Unni Boksasp på Kleiva og Magnhild Almhjell – forestillinga på Åsen. Det verkar som om at folkemusikk har vorte meir » in » i det siste, artistar som Valkyrien Allstars, Odd Norstoga og dansegruppa Frikar, er alle inspirerte av folkemusikken. Det gjev håp for framtida.
I år skal eg for første gong vere frivillig under Vårsøghelga, og det gler eg meg til!

Lisbet Gausen

Else og Arja

Arja Saijonmaa kom på Kleiva i ein litt Kong Haraldsk folkeleg nyttårsorkan-boblejakke, litt forsenka, litt stressa og tok oss med storm. Jordnær og i all si prakt ga ho oss ein musikalsk «teaser» frå sin rike musikalske skatt.
Da ho signerte cd plater etter konserten var køa lang, og likna mest ei rekkje som sto og trippa og venta på ledig herredo. Mange modne menn fekk signaturen, og enkelte til og med ein klem frå sitt store idol.

Vi skulle få oppleve Arja enno ein gong før Vårsøghelga var over. Heile laurdagen øva ho saman med Tordenskjold Songlag til konserten søndag 15. mai. Min eigen bursdag.
Vårsøgkonseptet med store artistar saman med våre eigne lokale heltar slår alltid an. Det gjorde det denne søndagen og.
Den finske dronninga kom skridande inn på scena, slik berre ei nordisk verdensstjerne gjer det. Storstua var overfylt og vel så det denne ettermiddagen. Om ho tok oss som ein storm på Kleiva, var ho alt frå ein mild varm sommarbris, til ein buldrande orkan i kulturhuset.
Ho stråla med all sin musikalitet og karisma. Så kom sola. Tordenskjold Songlag med Else Andresen og hennar medsongarar hadde ein stor konsert saman med Arja. Else stråla som ei sol.

På min eigen bursdag, midt i salen, heilt aleine mellom sikkert 350 andre nytarar kom tårane. Det var slik ei sterk oppleving musikalsk, det var ei slik sterk oppleving, utstrålinga dei to damene hadde. Arja med sin karisma og Else som ei sol.
Eg vil takke Vårsøghelga for mange utrulege sterke kulturopplevingar.
Eg vil takke Arja og Else for mitt sterkaste Vårsøgminne.
Jag vil tacka livet…….

Mons Otnes

Det beste er spriket

Jeg har jobbet på Surnadal Kulturhus til og fra siden jeg var 15 år. Med andre ord så har jeg klokket inn på jobb til mange gode minner. Under Vårsøghelga har hele Kulturhuset en spesiell stemning. Det myldrer av mennesker i alle aldre. Noen lokale, noen har reist til Surnadal for anledningen. Plutselig kjenner en igjen et fjes eller to som kommer gjennom dørene. Etter hvert enda flere. Gjengangere, Surnadalsvenner. Vårsøgvenner. Vårsøgvenner som smiler, som har forventninger.

Det beste med Vårsøghelga er spriket. Lokale – Internasjonale. Amatører – Profesjonelle. Barneforestillinger – Eldre hjelper eldre. Humor – Alvor. En av mine personlige favoritter er arrangement som noen år har vært i Kulturhusets foajé etter Kleivakvelden. Stappfullt lokale, folk i hvert et hjørne, hvert et trappetrinn! Magi og mange overraskelser fra scenen. «Åpen mikrofon»-stemning og et publikum i ekstase.
«Henning – så langt» må nevnes når det er snakk om mitt vårsøgminne. En fantastisk konsert, der de yngste var høydepunktet. Jeg tror alle ble rørt da Karianna Sommerro inntok scenen, og hvem ønsker seg ikke Batteri med «fang sommarens ange i natt» på sin spilleliste?
Til sist, men slettes ikke minst: Nora Brockstedt. En legende for en grand prix-fan som meg. Ikke bare fikk jeg gleden av å hilse på henne, jeg lagde lunsjen hennes! Det var veldig stort for en 17-åring. Så stort at jeg ringte bestemor rett etterpå. Hun var den første jeg tenkte på da det gikk opp for meg at jeg skulle få hilse på «Voi voi»-dronningen.

Konklusjonen er – selv om man jobber på Vårsøghelga får man mange fine minner. Jeg gleder meg til årets Vårsøghelg!

Lise Mari Bjerknesli

«Opplevde eg verkeleg dette?»

Det er så mange blad i minneboka mi rundt alle Vårsøghelgene som har vore opp gjennom åra.

Når ein i tillegg er så heldig at ein har fått vore med på å utvikle helga heilt frå starten av, i lag med Holger og Henning, blir minna endå sterkare.
Det har vore halde fast på grunnkonseptet som vart bestemt da: pinsehelg, Kleivakveld og kyrkjekonsert. Og sjølvsagt med Henning som kunstnarisk leiar. Dei store økonomiske krisane har heller ikkje vore innom Vårsøghelga, noko som mangeårig finansminister Holger skal ha stor ære for.
For å få litt inspirasjon, skreiv eg inn forskjellige søkjeord med tema «Vårsøghelg»: Du verden kor mange gode og sterke minne som dukka opp! Kor heldige vi er, alle vi i Surnadal og alle tilreisande gjestar som har fått oppleva «kultur-vårsøget» i alle desse åra!
Av alle desse minna er det to eg vil fortelja dykk meir om:

Kleivakvelden 1998
Året er 1998 og Hans fyller 100 år 8.mai. Kulturminister Anne Enger Lahnstein er hovudgjesten oppe på Kleiva i lag med Hans. Som ordførar var eg vertskap for Anne og vi skulle sjølvsagt inn for å helsa på jubilanten. Det var ingen tvil om at Hans såg fram til besøket av kulturministeren. Eg gløymer aldri kor andletet til Hans lyste opp når han fekk sjå ho. Dei to hadde ein triveleg passiar, der Hans mellom anna fortalde Anne kor glad han var for at ho hadde fått på plass at Gunnar Stålsett vart biskop i Oslo. Hans meinte dette var svært viktig for folkekyrkja vår. 100 år var inga hindring for aktivt samfunnsengasjement frå kleivakongen si side. Det vart kleivakveld etterpå, med Anne sin tale og «Vårsøg» til slutt. Eg følte det som eg svevde på ei sky heile kvelden. Når eg trefte igjen Anne ved seinare høve, fortalde ho at besøket i Surnadal, med kleivakvelden og festen etterpå var noko ho såg tilbake på med stor glede.

Kyrkjekonserten 2004
Konsertane i Stangvik kyrkje er vel det som har rørt med meg aller mest. Mange gongar har eg fått både frysning nedover ryggsøyla og klump i halsen på same tid. Det vere seg etter høgtlesing av Edvart Hoem, song av Ingeborg Hungnes, juleverset frå Stangvik med Henning og John Pål og «Vindens hjul». Og akkurat «Vindens hjul» i 2004 vart ei slik mektig oppleving i kyrkjerommet i Stangvik. Denne gammaldansmessa er eit vekselspel mellom liturgi, folkeleg gammeldansmusikk, messetekster, improvisasjon i beste Henning-stil, kor og kyrkjelydssong. Og ikkje minst rørospols i midtgangen i kyrkja. Dette folkelege blanda med det guddommelege og mektig song og musikk vart ei stund i kyrkje der tida sto stille!
«Opplevde eg verkeleg dette», tenkte eg da eg gjekk mot utgangen …

Bergsvein Brøske

 vårsøgdiktVårsøgdikt på Kleiva
arjasaijonmaa
Lokale og internasjonale musikere i samspel: Arja Saijonmaa og Tordenskjold Songlagråkksøg
Råkksøginderberg nordstoga steinar raknes
Pubkveld og jam med John Pål Inderberg, Odd Nordstoga og Steinar Raknes

håkon og maritelin
Kunstutstilling i samarbeid med Surnadal Kunstforening, her med Håkon Gullvåg

henningtimen
Henningtimen, musikkhistorie for skuleborn

eldre hjelper eldre
Arrangement saman med Eldre hjelper eldre; her med Herreselskapet