Surnadal Billag AS, 26. mai kl. 20.30

Vårsøghelga med eit flunkande nytt lokalt bluesbandkonsept! «30 år etter at bluesrockbandet The Pimps gjorde suksess I heimbygda, blir arven ført vidare med vokalisten sin son Øystein, som no syng i #FakeBlews. Ikkje det at bandet driv med jukseblues, men sjølv om ein av medlemmane kan skilta med eit US passport må dei nok seiast å ha bakgrunnen sin langt frå bluesen sitt heimland. Til trass for det, når hatten og solbrillene er på plass vil ikkje dette vere langt unna ekte vare.

Vokal: Øystein Hjelle Bondhus/Lisa Botterli Flostrand. Trommer: Olav Nergård Tørset. Piano: Brage Kristian Einum. Gitar: Rune Dalager. Bass: Sondre Skogseth. Trompet/Munnspill: Martin Einum.»

Billagsburger og høveleg drykk blir å få kjøpt i Billagsbaren!