Surnadal kulturhus, 26. mai kl. 18.00

Perikom er eit band frå Rindal på Nordmøre og har vore aktive sidan 2002. Dei har gjeve ut tre plater på den tida. Perikom lagar eigne melodiar på dikt skrivne av lokale ordkunstnarar, som til dømes Hans Hyldbakk, Jørgen Gravvold og Astrid Krog Halse. Perikom spelar det som ein kan kalla visepop, og har hausta gode kritikkar på platene dei har gjeve ut. Perikom Trio er Karstein Mauset (vokal og gitar), Jo Ranheim (gitar) og Ronny Kjøsen (trekkspel).