Laurdaag 27. mai, Boksøg, Drivadebatten og Kleivakvelden

Svein er like sjølvsagt som Henning og John Pål i Vårsøgprogrammet! Han er «potet» som kan brukast til det meste og er lett å be. Han har betydd mykje for Vårsøghelga som både styreleiar, styremedlem i mange år.

Svein Sæter (fødd 18. september 1960 på Sunndalsøra) er ein norsk forfattar, kåsør, dramatikar, omsetjar og journalist, son av Einar Sæter.

Svein Sæter har skrive meir enn 20 sakprosabøker med stor spennvidde, men ofte med historiske tema. Han skriv også musikkteater, i samarbeid med komponistar som Jo Inge Nes, Per Husby og Frode Alnæs. Sæter er ein mykje bruka kåsør, og har besøkt fleire hundre skular for Den kulturelle skolesekken, pluss mange bibliotek, kulturfestivalar med meir. Han intervjuar ofte andre forfattarar på scena, mellom anna for Bjørnsonfestivalen. Sæter var sentral i å byggje opp kulturfestivalen Vårsøghelga i heimkommunen Surnadal, og var styreleiar der i mange år.

Svein Sæter har vore journalist og redaktør i avisa Driva og journalist i Dag og Tid. Sia 1997 er han forfattar og frilansar på heiltid, og driv Blomsterhaug forlag saman med kona Anita Land. Sæter har også redigert mange bøker og antologiar for andre forlag, både sakprosa og skjønnlitteratur. Han har omsett ei rekkje bøker frå svensk.