Surnadal Billag AS, 26. mai kl. 20.30

For mange er surndalingen Sigurd Brørs sikkert best kjent som langrennsløpar, med gode internasjonale resultat første halvdel av 90-talet. Men etter at han bytta ut Atomic med Gibson i 1996, har han heller utnytta kondisen sin til å lage popmusikk. Med bandet Karl Barx deltok han mellom anna på byLarm i 2004, og Adresseavisen trilla terningkast 5 for begge dei to CDane bandet rakk å gje ut.

Etter at Karl Barx stranda i 2010, har Sigurd mellom anna laga hyllestlåtar til Ivar Aasen og Edward Snowden (saman med systrene Guri og Sigrid Sørumgård Botheim i ad hoc-bandet The Systers & The Brørs), vorte kåra til landets beste Beatles-oversetjar (for teksten «I Will» som vart til «Vil du, vil eg») og laga fleire barnepoplåtar for kjøpesenterkjeda Amfi.

Men dei siste åra er det einmannsbandet The Brørs som gjeld. Bandet debuterte 28. mars 2016 med låten «What Dad Said (About The Brørs)». I den tilhøyrande videoen rockar Sigurd gymsalen på Surnadal Ungdomsskule i lag med faren Styrkår, kjent kulturarbeidar i Surnadal. Fram til oktober vart heimesida www.broers.no fylt opp med 12 episodar til i prosjektet «The Brørs – sesong 1».

Musikken har Sigurd døypt powerpointpop – ein sjanger som inneheld både gitarrock og progressiv powerpop. Han syng på både engelsk og surndalsdialekt, og tema i tekstane spenner vidt: Frå personlege betraktningar, som i sesongfinalen «Å få unge», til skråblikk på ulike fenomen som oljeindustri og kloning.

På konsert kan du sjå og høyre Sigurd på gitar og vokal, saman med macen hans som spelar av backingtrack og viser video. Sist The Brørs spelte i Surnadal, under Skuv i oktober 2016, beskreiv Magne Lillegård i Driva konseptet slik: «Sigurd Brørs presenterte noe helt nytt (…) utrolig gjennomarbeidet og like gjennomført på scena (…) Hvis enmannsbandet The Brørs spiller et sted i nærheten av – gå og opplev!»

Og neste mulegheit til å oppleve The Brørs blir altså på Surnadal Billag 25. mai!

Som oppvarming kan du sjå videoar frå «The Brørs – sesong 1» her!

(artistfoto: Nils Kristian Thompson Eikeland)