Surnadal kulturhus, Lengting, liv og song, 27. mai kl. 13.00.

Tordenskjold Songlag vart stifta 12.oktober 1908 og har vore i kontinuerlig drift sidan den gongen. Det gjer Tordenskjold Songlag til eit av Nordmøres eldste kor.

Koret har alltid vore aktive både heime og ute, med egne temakonsertar og felleskonsertar med andre kor og aktørar. Koret har arrangert korstevner i Surnadal fleire gongar, seinast i 2011 og 2015. Tordenskjold Songlag har også opptredd med egen konsertar i Sverige, Estland, Frankrike, Polen og Irland.

Elin Persson har vore dirigent sidan 2008.