Foajeen, Surnadal kulturhus, 26. mai kl. 18.00. Opning av kunstutstilling.

Odd (68) er født og oppvaksen i Surnadal. Han bor no i Oslo.

Han har utdanning frå Norges Landbrukshøgskole(no NMBU) der han studerte til sivilagronom og tok doktorgrad.

Odd har tidligare teikna og måla på fritida, men sidan 2010 har biletkunst vore hovudaktiviteten. Han har skaffa seg skolering i kunstfaget gjennom mange år. Viktige lærarar i teikning, måleri og generell biletkunst: Hans Normann Dahl, Dang van Ty, og Oscar Reynert Olsen ved Olav Mosebekks Tegneskole i Oslo. Grafikklærarar: Alf Chr. Hvaring (litografi ved Mosebekkskolens verkstad), Leong Va (djuptrykk ved Norske Grafikeres Verksted i Oslo), Vegard Stalsberg (tresnitt og djuptrykk ved Nansenskolen i Lillehammer).

Odd har hatt eige atelier fram til 2016 i fellesskap med fleire kunstnarar på Ensjø i Oslo. I denne fellesskapen har det vore tilgang til grafikkverkstad. I det siste har Odd etablert seg med atelier på Råssåkastet i Todalen. Han har hatt fleire utstillingar i Oslo, i 2012 utstilling saman med dotter Ingunn Skrøvseth i Surnadal under Norsk Laksefestival.

Mange av motiva hans har utgangspunkt i bydelane Kampen og Gamlebyen i Oslo, eller i heimbygda og Nordmøre. På denne utstillinga finn vi elles nokre bilete inspirert av tekstar av Hans Hyldbakk, Olav H. Hauge og Jon Fosse. Eit eksempel er Vårsøgbiletet ”e Svealiå”. Dette er eit tresnitt skore ut i furufjøler frå Sveå. Tømmerhogsten skjedde i 1968. Furua som vart til trykkplate sto på rot og voks i 1945 da Hans Hyldbakk  skreiv vårsøgteksten.